Dato: 16-08-2020 08:30 CEST
Opprinnelig tittel på pressemeldingen: Ny ungdomsbok om å ha ei psykisk sjuk mor
Kategori: , Kunst, kultur, underholdning Sosiale spørsmål Livsstil, mote, fritid Helse, sykepleie Mental helse Helse, sykepleie, legemiddel Helene Guåker er aktuell med ei intens og sterk ungdomsbok om å vere ung og flytte på hybel, og samstundes ha ei mor heime som er psykisk sjuk.
Helene Guåker er aktuell med ei intens og sterk ungdomsbok om å vere ung og flytte på hybel, og samstundes ha ei mor heime som er psykisk sjuk.
Lea går i andre klasse på vidaregåande. Ho bur på hybel og har ingen venner. Og heime på garden ligg mamma i senga. Uansett kva Lea gjer eller seier, står ikkje mamma opp.
For å få seg venner gjer Lea seg om til Vilde. Smarte, morosame og kule Vilde. For Vilde har ikkje ei mor som er sjuk. Vilde blir kjærast med Halvor. Vilde greier alt i heile verda. Men så skjer det noko som gjer at Vilde forsvinn og Lea ikkje greier å vere nokon annan enn seg sjølv.
Helene Guåker (f. 1983) er frå Nes på Hedmark. Ho har skrive fleire bøker for ungdom og vaksne i ulike sjangrar. I 2017 blei ho nominert til Brageprisen for ungdomsromanen Sveiseblink.
Kilde: Pressekontor Samlaget – PRESSEMELDING –
————
Hashtags: # #Kunst, kultur, underholdning Sosiale spørsmål Livsstil, mote, fritid Helse, sykepleie Mental helse Helse, sykepleie, legemiddel Kunst, kultur, underholdning Sosiale spørsmål Livsstil, mote, fritid Helse, sykepleie Mental helse Helse, sykepleie, legemiddel
